Regionstinget 2026 for NHF Region Vest vart gjennomført 8-9 mai. 30 klubbar i regionen var tilstades i tillegg til representantar frå ulike organ og administrasjon, inkludert NHF styre representantar..
Regionstinget er ein viktig arena for å påverke prioriteringar og satsingsområde som skal prege NHF Region Vest dei neste tre åra.
Tingboka er tilgjengeleg her; Tingboken til Regionstinget 2026 | handball.no
Denne viser saksliste og vedlegg som var relevant for tinget. Overordna sett var der ingen store endringar i vedtak som blei gjort samanlikna med forslag til vedtak gitt i tingboka.
Protokoll etter tinget vert snarleg tilgjengeleg på regionen sine nettsider.
Tinget blei opna med eit godt innlegg frå Nils Sandal i Vestland idrettskrets. Han snakka om at idretten formar menneska og at folkehelseperspektivet er viktigare enn nokon gong, både mtp aktivitet og kjensla av å høyre til.
Som ein del av programmet på tingdagane så var der markering av innsatsen som leggast ned frå dei som står på for handballen. Veldig stas at Bjarg Håndball fikk utmerkinga Årets dommararbeid i klubb.
Utdrag av grunngjeving for tildelinga: «Årets vinner har transformert dommararbeidet i klubben de siste årene. Har jobbet godt over tid, i sitt nærmiljø, gjennom å rekruttere og utvikle gode dommere og dommermilø. Dommerarbeidet treffer midt i kjernen av det denne prisen skal belønne.»
Dette viser at langsiktig arbeid blir lagt merke til og at det krevjast ein stor innsats frå frivillige for å få det til. Handballgruppa i Bjarg gratulerer alle som har over tid stått på for dommarutviklinga i klubben. Denne merksemda er vel fortent! Vi vil markere dette på eit seinare tidspunkt. Oversikt over alle prisar og markeringar blir lagt ut på regionen sine nettsider.
Ein viktig del av tinget var å vedta handlingsplanen for region Vest for neste tingperiode 2026 – 2029. Handlingsplanen ligg som vedlegg i tingboka. Styremedlem Mette Davidsen ga tinget ein god overordna gjennomgang. Region Vest samlar innsatsen på tre hovedfokusområder; Klubben, Trenaren og Konkurransen. Mål, måltall og tiltak underbygger den overordna målsetning til NHF om å treffe både på ambisjonar om prestasjonsutvikling og ambisjonar om å bli verande i handballaktiviteten. Flest mogleg-Lengst mogleg knyttar bredde og topp saman i gjensidig avhengigheit. Der var fleire gode meiningsutvekslingar i tingbehandlinga av handlingsplanen omkring at bredde og topp ikkje utelukkar kvarandre.
På slutten av tingdagane heldt John Christian Lundstadsveen eit føredrag med viktige utdrag frå arbeidet med «Pappatrenaren». Han slutta sirkelen for desse to dagane og hans hovedpunkt peika tilbake til innhaldet i åpningsinnlegget frå Nils Sandal ang samfunnsoppdraget som idretten har, både i helseperspektivet og beredskapsperspektivet. Sett i lys av den generelle trenden om inaktivitet, og den spesifikke nedgangen i tal spelarar og i tal påmeldte lag i handball i RegionVest, så gir det god motivasjon for oss som klubb til å ta medansvar for å snu trenden. Idretten betyr svært mykje. Samfunnet er avhengig av den frivilligheit som leggast ned i alle idrettsgrupper. Vi håpar fleire blir med å både bidrar til og framsnakkar idrettsaktivitet, idrettsmestring og idrettsfellesskap. Med bygging av Bjarg Arena står klubben i ein unik posisjon til å gje eit solid løft i vårt område – her treng vi alle å bidra.