Bjarg G2012&G2013 vart invitert til å stå innløpsformasjon ifm Handball EM i Oslo. Ein fantastisk muligheit til å lage felles aktivitet på tvers av årskull i Bjarg. 25 gutar frå dei to laga fikk komme tett på både norske og andre EM stjerner – både som innløpsformasjon og som ballhentar. Vi blei også tildelt plass på EM-YouthCamp turnering slik at begge årskull fikk spele 5 kampar kvar gjennom helga. Ein skikkeleg fin og omtenksam handling frå RegionØst når vi først skulle reise så langt. Det blei 3 intensive dagar fylt med trening, kampar, EM-fest og masse sosiale opplevingar. Inntrykka blei så mange at det nok vart fullt – dette var handballglede på sitt beste!
Togreisa til Oslo blei brukt som ein del av den sosiale opplevinga. Gjennom quiz og gruppeutfordringar fikk gutane øvd seg i relasjonsoppgåver og bli betre kjent. Vi hadde felles overnatting på ein lokal skule for alle gutane, sjølv om eigne kampar gjekk i hallar på kvar si side av Oslo. Mykje transport og hektisk tidsskjema for G2012 - men det tok dei på strak arm. I det tette programmet fikk vi likevel tid til ei felles treningsøkt, samt å gå på Peppes i samla flokk – dette bygger klubb på tvers av årskull!
EM-YouthCamp ga gutane fine opplevingar og referansepunkt ved å møte ukjente lag, samt god lærdom rundt kor viktig det er med søvn og mat for å kunne gjere eigne prestasjonar.
Laurdag ettermiddag var naturlegvis høgdepunktet då alle fikk akkreditering til å komme inn på golvet i EM arena og møte alle spelarane frå Ukraina, Frankrike, Tsjekkia og Norge. Moro for gutane å sjå 2 kampar med topp stemning og god følelse av å vere ein del av arrangementet.
Dette vart ei veldig kjekk oppleving for gutane som blir hugsa resten av livet!
Takk til både spelarar og vaksne som bidrog til ein svært vellykka handballhelg saman.
Helsing,
Mark, Thomas, Lene, Trond Johannes, Jostein, Anne Marie og Kjerstin